onsdag 15. august 2012

Om Madagaskar og Fandriana

Madagaskar

Madagaskar er verdas fjerde største øy, og ligger omlag 400 km frå søraustkysten av Afrika. Madagaskar er eit utviklingsland, og mesteparten av gassarane arbeider i jordbrukssektoren.

Madagassisk og fransk er offisielle språk i landet, så det kan bli spennande i og med at eg ikkje kan verken gassisk eller fransk. Me vil lære oss nokre glosar på gassisk før me reiser, og heldigvis kan jentene eg reiser med fransk. Kontaktpersonen vår på Madagaskar kan norsk, så det kan også hjelpe på. Me skal undervise i/på engelsk. Me har også blitt tipsa om å finne nokre leikar me kan forklare i hovudsak gjennom bruk av kroppsspråk.


Hovedstaden på Madagaskar er Antananarivo, ofte forkorta til Tana. Det er her vi vil fly inn og ut av landet. Antsirabe ligger omlag 160 kilometer sør for hovedstaden. Omlag 50 kilometer søraus for Antsirabe ligger byen me skal bu i, Fandriana (viser ikkje på kartet).

Fandriana

I følge Wikipedia bur det omlag 30000 mennesker i Fandriana. Gjennom ulike kjeldar har eg fått høyre at straumen forsvinner stadig og at vannkvaliteten er elendig. Her skal eg bu saman med Ingvild og Marte, og me skal ha ei hushjelp som handler og lager mat for oss. Dette er heilt vanleg på Madagaskar. I Fandriana skal me undervise gassiske elever på 5-10.trinn. Spennende!


Kjelder:
http://snl.no/Madagaskar
http://no.wikipedia.org/wiki/Liste_over_byer_p%C3%A5_Madagaskar