søndag 30. september 2012

Oppmerksom bilkjøring

No er me tilbake i Antsirabe etter 8,5 time i bil. Turen gjekk veldig fort, fordi det er så mykje spennande å sjå. Ein må vere veldig oppmerksom når ein kjører bil på Madagaskar. Plutselig stenger store sandhauger eller politiet vegen, eller det vandrer dyr midt ut foran bilen. Både geiter, zebuer, høns og hunder springer rett før me kjem kjørande i 90km/t. Som regel går det heldigvis greit :)

Her er nokon bilete frå turen:

lørdag 29. september 2012

Kirindy Nasjonalpark

I dag har eg sett lemurer! Dessverre kom vi midt i sovetida, så vi såg dei berre sovande høyt oppe i trea. Det vil sei..heilt til vi ved eit uhell skremte dei, og dei for avgårde! Det var ikkje med vilje, men kjempegøy å sjå dei i bevegelse!

Me såg og ein svær edderkopp og ulike andre reptiler. Me hadde blant anna brsøk av ein salmander under utedobesøket. Sitat Ingvild: "Det er ikkje ofte eg skulle ønske eg var av det motsatte kjønn, men på huk i bushen med salamander pilande inn og ut... Då.".

I skogen hang eg og i ei liane! Eit av turens store høgdepunkt! Eit anna var då dyret "fossa" kom springande mens me åt lunsj. Denne er endemisk. Eg ville ha bilde, så eg og guiden sprang etter, og vi hadde ein dialog i denne duren, mens eg låg på alle fire for å sjå kor den forsvann:
Katrine: is it afraid of people?
Guide: no, people are afraid of it.
Då slutta eg å leite ;) Fekk seinare høyre frå sjåføren vår at den er veldig aggresiv og farlig. Kanskje like godt at eg ikkje fann den att.

På vegen til og frå nasjonalparken, stoppa vi for å sjå Baobaballeen. Eg tok ingen bilder på iPhone i dag, så anbefaler å google "lemur", "fossa" og "baobab" ;)





torsdag 27. september 2012

Ferietid

Å, for ein deilig dag! Me har kost oss med bassenget, gått tur til Ei nydeleg strand og vassa i mosambikkanalen. Kort sagt har me lada batteria etter ei lang og slitsom reise! Me er nesten aleine på hotellet, og har derfor hatt bassenget for oss sjølv store deler av dagen. Deilig!

Me syns det er veldig vanskelig å kommunisere med gassere. Jamt over snakker dei gassisk og fransk, og veldig lite engelsk. Heldigvis kjem ein langt med ordbok og kroppsspråk! Då me spurte om vegen til stranda, var det to av dei hotellansatte som ville følge oss. Det tok ca. 20 min kvar veg, så det seier litt om servicen me får som (nesten) einaste gjester. Gasserne er utrulig hyggelige og nysgjerrige på oss. Me storkosar oss, og veit at me skaper minner for livet!

(Eg blogger raskt og enkelt frå iPhone, og derfor blr bildene samla opp i bunnen av innlegget).

Vi er mennesker, ikke høns

Me har sett utrulig mykje på kjøreturen frå Antsirabe til Morondava på vestkysten i dag (onsdag). Fine røde fjell i sentral Madagaskar og frodig natur og baobabtrær når me nærma oss kysten. Me kom og midt inn i ein stor stim med svære gresshopper! Då var eg rask med å sveive opp vinduet. Det syns sjåføren vår at var veldig morsomt ;)

Sjåføren lærte oss også eit nytt gassisk uttrykk i dag, som kan oversettes til "vi er mennesker, ikke høns". Det blir sagt til sjåføren når gassere trenger tissepause mens dei kjører taxibuss.

Me kjørte i gjennom den varmaste delen av landet, på den varmaste tida på døgnet! Til og med det gassiske politiet såg ut til å vere prega sv det. Dei stengte veien, men lot oss kjøre forbi når vi kom. Sjåføren vår sa at dei ville ha siesta ;)

Vegane er stort sett fine (bedre enn på Radøy..) og kjøringa går veldig greit. Kjøreturen tok ca. åtte timer, og ikkje minst ti som me var forberedt på. Det var ein gledelig overraskelse! At tre jenter frå NLA, Marte, Marianne og Marie, allerede var på hotellet, likeså!
Me koste oss med god middag på hotellet. 4 av oss trudde at me bestilte kylling (fordi ordboka sa det), men kva me fekk er me usikre på. Godt smakte det likevel :)

Me bur i bungalower på eit heilt nytt hotell. Dei heldt endå på med bygging og maling, men det er allereie utrulig fint!

tirsdag 25. september 2012

Salama!

Då er vi kommet fram til Antsirabe, etter ei lang reise. Ingen forsinkelser, og all bagasje dukket opp, så reisa har vore bra (Dersom ein ser bort i frå to ting. 1) kraftig turbulens til og frå Amsterdam, som førte til ei fæl reisesjuke hos meg og 2) den nye kofferten til mamma og pappa er blitt øydelagt (sjå bilete under)).

Heldigvis har eg hatt god lakris å trøysta meg med når reisesjuka slo inn. Ingvild hadde laga godteposer til meg og Marte! Så koselig! Og så lakris då!! :) (sjå bilete lenger nede)

Me har ein sjåfør som skal vere med oss den første veka vår på Madagaskar. Han snakker norsk og er veldig ålreit. Attpåtil kjører han roleg og bra, synast vi. Det gjer at eg føler meg trygg. Han har også lært oss litt gassisk på veien, blant anna "salama" som tyder "hei" :)

Inntrykkene på turen frå Tana til Antsirabe har vore mange. Det er som ein nordmann me møtte her i stad sa: mange gassere lever livet sitt ved vegen. Det er ingen tvil om at kvardagen til den jamne gasser er heilt annleis enn kvardagen vår heime i Noreg. Vi har sett mykje fattigdom allerede, men Madagaskar er også eit rikt land - rikt på arter, natur og kultur. Det gleder eg meg til å sjå meir av i dagane som kjem!

I morgon reiser vi ut til vestkysten. Det blir minst ti timer i bil, og då rekner eg med å lære mykje nytt om Madagaskar langs veien! ;)

Eg kunne ha skrevet masse meir, men med berre eit par timers søvn i natta som var, kaller puten. Eg koser neg forresten i ei dobbelseng med blonder rundt (det er vel meint som myggnetting, og ikkje som himmelseng, men det gjer same nytten). Riktig trivelig syns eg (sjå bilete).

Katrine

Ps: vi føler oss rike som tar ut 100000 (ariery) i minibanken (ca 300 nok).

fredag 21. september 2012

Ferieplaner

3 dager til avreise.
Vaksinene er tatt, i-poden er fylt opp, ferieopphaldet er bestilt og kofferten er pakka.
Eller, det vil sei.. Eg har ikkje hatt hjerta til å fortelja pusen at ho ikkje kan vera med i bagasjen.

Den første veka har me ferie, og den veka skal me også ha tilgang til internett. Då håper eg å få oppdatere litt om kva me opplever! Denne veka skal me vere i Antsirabe to netter, samt at me skal reise til vestkysten til ein by som heiter Morondava. Her får me to heile dager. Den eine dagen skal me besøke ein nasjonalpark der me blant anna kan sjå lemurar. Det gleder eg meg veldig til!

Søte lemurar. Bilete er henta her.

I same nasjonalparken, skal me også sjå Baobabtrær, og dette vil me gjere medan sola går ned. Det blir nok eit spektakulært syn!
 Baobabtrær i solnedgang. Bilete er henta her.

Den andre dagen er planen i hovudsak å slappe av rundt hotellområdet og på stranda. Det blir nok deilig etter lange dager med reise, og maaange nye inntrykk og opplevelser!
 Kimony beach, som ligger rett ved hotellet vårt. Bilete er henta her.

Det var litt om ferieplanene våre. Neste gang eg oppdaterer håper eg å kunne bruke mine eigne bilder frå Madagaskar ;)