torsdag 27. september 2012

Ferietid

Å, for ein deilig dag! Me har kost oss med bassenget, gått tur til Ei nydeleg strand og vassa i mosambikkanalen. Kort sagt har me lada batteria etter ei lang og slitsom reise! Me er nesten aleine på hotellet, og har derfor hatt bassenget for oss sjølv store deler av dagen. Deilig!

Me syns det er veldig vanskelig å kommunisere med gassere. Jamt over snakker dei gassisk og fransk, og veldig lite engelsk. Heldigvis kjem ein langt med ordbok og kroppsspråk! Då me spurte om vegen til stranda, var det to av dei hotellansatte som ville følge oss. Det tok ca. 20 min kvar veg, så det seier litt om servicen me får som (nesten) einaste gjester. Gasserne er utrulig hyggelige og nysgjerrige på oss. Me storkosar oss, og veit at me skaper minner for livet!

(Eg blogger raskt og enkelt frå iPhone, og derfor blr bildene samla opp i bunnen av innlegget).

1 kommentar:

  1. Da ser heilt herligt ut, og så kjekt at folk e så greie ;-) Kjenne da krible i reiselysten! Kosa deke vidare. God klem fra regnfulle Norge :-)

    SvarSlett