lørdag 29. september 2012

Kirindy Nasjonalpark

I dag har eg sett lemurer! Dessverre kom vi midt i sovetida, så vi såg dei berre sovande høyt oppe i trea. Det vil sei..heilt til vi ved eit uhell skremte dei, og dei for avgårde! Det var ikkje med vilje, men kjempegøy å sjå dei i bevegelse!

Me såg og ein svær edderkopp og ulike andre reptiler. Me hadde blant anna brsøk av ein salmander under utedobesøket. Sitat Ingvild: "Det er ikkje ofte eg skulle ønske eg var av det motsatte kjønn, men på huk i bushen med salamander pilande inn og ut... Då.".

I skogen hang eg og i ei liane! Eit av turens store høgdepunkt! Eit anna var då dyret "fossa" kom springande mens me åt lunsj. Denne er endemisk. Eg ville ha bilde, så eg og guiden sprang etter, og vi hadde ein dialog i denne duren, mens eg låg på alle fire for å sjå kor den forsvann:
Katrine: is it afraid of people?
Guide: no, people are afraid of it.
Då slutta eg å leite ;) Fekk seinare høyre frå sjåføren vår at den er veldig aggresiv og farlig. Kanskje like godt at eg ikkje fann den att.

På vegen til og frå nasjonalparken, stoppa vi for å sjå Baobaballeen. Eg tok ingen bilder på iPhone i dag, så anbefaler å google "lemur", "fossa" og "baobab" ;)





3 kommentarer:

  1. Hei Katrine:)
    Ser ut som du har det kjempekoselig!:)
    Kjekt å kunne holde seg oppdatert her på bloggen;)
    Må kose deg masse videre!! <3

    SvarSlett
  2. Ps. eg har googlet - stiilig ;)
    For meg er lemur lik "I like to move it move it" :p hihi

    SvarSlett
  3. Det har eg, og skal eg :) Hehe, dei var veldig søte :)

    SvarSlett