lørdag 13. oktober 2012

Fandriana

Mandag 1.oktober reiste me til Fandriana, der me har praksis. Her har me ikkje internett, og eg har difor ikkje kunne oppdatert før i dag, når me er på "storbyferie" til Antsirabe for å besøke ei anna studentgruppe frå NLA.

Den første veka i Fandriana hadde me ikkje straum, så gleda var stor når me fekk straum lørdagskvelden. Me var aller mest glad på lokalbefolkinga sine vegne, fordi dei fortel oss at dei ikkje har hatt straum på 1,5 år!! Sidan lørdag har me hatt straum frå ca kl.18 til 22 nesten kvar kveld. Det er snakk om at det tar slutt på mandag. Me har greid oss bra utan straum, sjølv om det er godt å få lade telefoner og kamera på kveldstid:)

I Fandriana er det varmt på dagtid, men den første veka var det veldig kaldt på kveldstid. I 18-tida om kvelden, når sola gjekk ned, var det fram med ullklær og tjukkesokker. Det går mot sommer på Madagaskar, og me kjenner kvar dag at det er litt varmare enn dagen før. No er ullklærne pakka vekk, og eg håper eg slepp å ta dei fram før eg er tilbake i Norge;)

Sjølv med lite straum og ingen varmt vatn, har me det veldig godt i Fandriana. Me tenner stearinlys når det er mørkt, og bruker hodelykter flittig;) Mat har heller ikkje vore noko problem fordi me har gasskomfyr, og ei søt gassisk dame som hushjelp. Ho lager deilig middag, og baker brød til oss, så me lider absolutt ingen nød. Sjølv om me begynner å bli lei av nutella og banan som pålegg;)

I hagen vår har me katter, hund, høns og kyllinger vandrene inn og ut. Slik er det overalt. Også på skulen. Det er vanskelig å ikkje dra litt på smilebåndet når ti gjess spankulerer forbi klasserommet når eg underviser, eller når det står ei and ein halv meter bak meg når me varmer opp med elevane i gymtimen. Det er vanskelegare å dra på smilebåndet når hanane starter å kykelikye før klokka er 5 om morgonen!

Dyrelivet innandørs er ei anna historie. Første kvelden fann eg og Marte kakkerlakk-lignande dyr i kvar ein krok. Takk og lov for at me har med oss Ingvild som bar ein etter ein med seg ut!:) Det er som å ha med seg ein mann på tur;) Heldigvis har me ikkje funne så mange etter den første kvelden, men nokon svære edderkopper og ekle biller har Ingvild og måtte ta seg av! Eg er glad me gav ho innsektsansvar før me reiste;)

I tillegg til dyr i hagen, har me og ein del gassiske unger vandrane inn og ut. Dei har brøyta seg veg gjennom hekken vår, og liker godt å stå der å rope "whats your name?" og "how are you?" mens me sitt i hagen og planlegg undervisning. Viss me svarer dei, veit dei ikkje kva meir dei skal sei.

På Madagaskar er gassisk og fransk undervisningsspråk, og dei fleste gassere kan ikkje engelsk. Det betyr at me ikkje forstår dei, og at dei ikkje forstår oss. Det er ei stor utfordring i praksis. Ei anna utfordring i praksis er at kvar læringsøkt varer i 120 minutt. Utan pause! Det er lenge, og det er vanskeleg å holde elevane konsentrerte gjennom heile økta - uansett om det er engelsk eller gym me har.

Det var litt om kvardagen min i Fandriana. Inntrykka er mange, og det er vanskeleg å skulle sortere og fortelle alt me har sett og opplevd dei siste to vekene. Men sidan eit bilde seier meir enn tusen ord, avslutter eg blogginnlegget med eit aldri så lite bilderas.

P.S. Sjekk www.ingvildfdalland.blogspot.com
for fantastiske bilete og meir tekst om oppholdet vårt på Madagaskar :)

Bileta under viser (mest sannsynlig ikkje i riktig rekkefølge...)
-Den bittelille senga mi
-Marte og meg klar for første undervisningstime i 7.klasse
- Ingvild lager havgregraut til kvelds med hodelykt som einaste lyskilde
-Ingvild klar for gassisk gudsteneste (med norsk oversettelse av liturgien)
- Eit relativt beskrivande bilete av våre kvelder (kort, hodelykt og stearinlys)
- Banantre i hagen vår
- Stoooor sommerfugl i Antsirabe
-Overoppheta iPhone
- Katten (som går rundt huset vårt kvar dag og mjauer som besatt stakkar, og som eg berre vil kose og mate) i vindauget mitt i dagmorges
- Gassisk veske me fekk av den gassiske reiseoperatøren vår
-Kreativ hattelampe i stua vår

1 kommentar: