søndag 14. oktober 2012

Sykkeltur eller blod, svette og tårer ;)

Etter 5 år utan å ta i ein sykkel, har læringskurven vore bratt etter 3,4 mil på setet i Antsirabe. På same måte som ein må vere svært oppmerksom når ein køyrer bil på Madagaskar, må ein også vere svært oppmerksom når ein sykler! Det gjeldt blant anna å sjå opp for høns, hunder, barn, og ikkje minst okser som kommer løpende i mot deg! For ikkje å snakke om alle hulla i vegen. Som sagt, var læringskurven min veldig bratt ;)

Me begynte klokka 7 i dag tidlig, og var tilbake klokka 13. Målet var ein vulkanisk innsjø langt oppi fjellet. Der hadde me ein mat- og badepause på 40 min. Det var veldig fint der, men litt ubehagelig sidan me fekk ein heil landsby etter oss som solgte steiner og tigga.

Me kjørte forbi mange små landsbyer på vegen, og der stod det barn å ropte "vasa" og "vasa be". Vasa betyr "utlending" og me trudde vasa be betydde "stor utlending". Heldigvis forklarte guiden vår oss at det betyr "veldig utlending". Hehe :) Det har dei jo rett i!

No har eg ilt i heile kroppen, men er stolt og fornøyd. Etter ein deilig varm dusj, yoghurt og kaffi er me overlykkelige :) God søndag!

Bileta er lånt av Ingvild (www.ingvildfdalland.blogspot.com)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar